Visning 2 April kl. 12 – 13

Førstkommande søndag vert det visning av første leilegheita 🙂

Denne dagen har vi arbeidd for lenge og endeleg kan vi invitere på visning, og det er så kjekt og vi er så glade. Tømrarfirma Odd Sund har gjort ein framifrå jobb, så det er med stoltheit og utan overdriving vi kan sei at resultatet er bra.

Eigarane av denne leilegheita har valgt fargeskala i kvitt, frost og lyst grått på overflatene i leilegheita, så den framstår akkurat så lys og lett som vi såg føre oss når vi starta planleggingsprosessen for fleire år sidan 🙂

Bileta under viser at det har skjedd mykje siste månaden.

Isolering er unnagjort og golvet er flytsparkla
Plating av veggar og tak
Litt av soverommet i 2 etg.
Soverom i 1 etg. Bildet er teke for ei tid tilbake og då var ikkje vindauga fora og lista, men det er dei no
Her skal det også på plass dusjveggar
Til høgre for vaskeservanten er det plass for vaskemaskin.
Litt av siste dagars innspurt her vist frå hemsen og ned på kjøkkenet. Rørleggaren ligg halvvegs inne i skapet og koblar vatn

Som De ser av siste biletet har det siste veka vore full innsats for å bli klar til visning søndag. Derav litt kaos-bilder som i grunnen ikkje gir det ferdige resultatet den kred det fortenar. Skikkelege bilder som viser heilheita får eg først tatt når vi har rydda og vaska i helga, men det kjem 🙂 Berre finpussen står att inne og det er veldig kjekt arbeid. Ute er det framleis meir graving og gruslegging som skal skje før dei første kan flytte inn, men det er utruleg kva ein får gjort på ei veke 🙂

Vi gler oss til å vise fram Nesavika Fritid og ynskjer alle hjerteleg velkomne på visning i morgon kl. 12.00 🙂

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *