Tett tak :-)

 

Nesavika i vinterstemning 🙂

Helga baud på det finaste vinterværet so langt i år, så på søndag var det tid for å forevige framgangen i fjæra. Tak og veggar er no tette og vindauga sett i. Vintersola nærmar seg og dette bildet er tatt omlag kl. 15.

Fasaden tek form 🙂 Her ser ein «baksida» av leilegheitene som vender frå sjøen. Her skal det også være uteboder som vil medverke til to skjerma tun på denne sida av bygget. Her får ein tidleg morgonsol og vil være ein god plass å ta mårrakaffien på 🙂

Her er fasaden sett frå andre sida. skyvedørene i framkant er ikkje sett i, men ein kan sjå konturane av korleis det blir når dei kjem på plass. Utstikket på taket her på framsida er ikkje plata heilt ferdig enno.

Her ser ein fasaden sett frå båthavna. Størrelsen på skyvedørene syns litt betre på dette bildet. Kjøkken og stove som ligg i framkant på leilegheitene har open himling opp mot taket, og saman med vindauga heile vegen frå golv til tak gir desse løysingane rommet mykje lys og luft. Stova på hemsen får også fin utsikt med det høge vindauget.

Inngangspartiet til den største leilegheita i dette bygget kjem på denne langsida. Til venstre ligg eine soverommet og på høgre sida ser ein kjøkkenglaset.

Vidare denne veka skal det støypast golv inne i leilegheitene medan tømrarane fortset med vindtetting og kledning på veggane ute. Rørleggar og elektrikar kjem tidleg mandag morgon for å gjere sitt arbeid klart før betongbilen kjem ved middagstider. God planlegging av Gisle gjer at fagfolka vert booka og kjem når dei trengs slik at det er god framgang på arbeidet.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *