Byggetrinn 2 snart klart for sal

Byggetrinn 2 i Nesavika er snart klart for sal. Som bildet viser står det no tre hus med 6 leilegheiter i Nesavika, og det arbeidast for fullt i desse dagar for å ferdigstille siste huset. I løpet av sommaren vert det visning, men dato er ikkje fastsett enno. Vi som byggherre tykkjer det er blitt eit flott miljø i fjæra med fine ferieboligar heilt i sjøkanten. Ganske så unikt og herleg å kunne bu så tett på sjøen og fjæra 🙂

Ein stille morgon i Juni 🙂

Å kaste loss og ta ein tur på fjorden før frukost er balsam for sjela når moder jord byr på slikt syn. Mai og Juni har bydd på det finaste været og dei herlegaste dagane her ute ved kysten.

Likeeins er det flott å nyte kvelden på altanen i Nesavika med sjøen rett nedanfor. Bildet syner utsikta frå eine leilegheita som snart er klar for sal. Båthavna ligg rett nedanfor og denne vil bli utbygd for komande båteigarar.

Utsikta frå stova i den minste leilegheita denne søndags ettermiddagen 🙂

Badefjæra ligg rett bortanfor og ligg klar for leik og fjæreliv av beste sort.

Nyslått grasplan for leik og moro

Eller ei stille stund for seg sjølv på benken ovanfor badefjæra

Heimesida vår har lege brakk lenge, men det skuldast mykje arbeid på anna hald. Dette blir det betring på framover, og vi vil framover legge ut bilder og info om Nesavika Fritid meir jamleg.

God sommar til alle som ser innom her, og kom gjerne på besøk og sjå.