Morgontur til Demma

God morgon og god start på dagen 🙂

For dei som er morgonfuglar kan ein trimtur til Demma og vatnet der anbefalast medan bygda søv 😉 Bildet under viser Stongfjorden sentrum med Skålefjellet i bakgrunnen kl 06 14 Mai,  og at morgonsola er på veg.

 

Denne turen er omlag 6 km tur/retur frå Nesavika. Første km er det lett nedoverbakke og så flatt inne i bukta, deretter er det lett/god oppoverbakke til ein er oppe ved vatnet som er oppdemma – derav namnet Demma.

Det er ein fin trimtur enten ein går eller spring. Sidan det er oppoverbakke første halvdel av turen er det greitt å gå den vegen og så jogge heimatt i nedoverbakkane. Kjekt med drahjelp frå naturen 🙂 Belønning er også synsinntrykka på heimvegen. Å sjå ut fjorden ein stille morgon slik som i dag blir vi ikkje lei av, sjølv om vi har sett det før. Sola er komen ute på Stafsnes og der leilegheitene i Nesavika skal være kom morgonsola 07.20 i dag 🙂 Herleg å sette seg på trappa med kaffi etter ein slik frisk start på dagen.

 

Det er mange andre turområde kring om i Stongfjorden og nærområdet som er merka eller tilrettelagde av grunneigarar og andre frivillige, så utover våren og sommaren vil vi her på bloggen vise glimt frå desse.

God Pinse og 17 Mai til alle som kikkar inn her 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *