Kurs og aktivitetar

Etterkvart vil vi tilby ulike aktivitetar, kurs og opplevingar med utgangspunkt i våre interesser kring sjø og båtliv, jakt og fiske og alle moglegheitene naturen her gir. Eigeninnsatsen på bygge- og annleggsfronten tilseier at dette ligg noko fram i tid, men som vi har sagt tilkvarandre mange gonger: den som ventar på noko bra ventar ikkje forgjeves 🙂

Til sjøs vert det båtturar for havfiske, fridykking eller rein rekreasjon 🙂

Liv klar for sitt første dykk i Nesavika 🙂

I skog og mark vert det guida turar med hausting av naturens grøde alt etter sesong og hjortejakt. Til fjells kan vi tilby guida turar i nærområdet kring Stongfjorden og elles kringom i Askvoll kommune.

Liv har stor lidenskap for kreativt arbeid av ulikt slag som redesign av møblar og klede, samt søm av klede tilpassa den enkelte kunde. Etterkvart vil ho tilby kurs og aktivitetar på dette området.