Velkommen til Nesavika

Då er heimesida vår oppstarta og her vil vi presentere prosjektet vårt: Nesavika Fritid.

Her vil du få informasjon om ulike aktivitetar og opplevingar i nærområdet til Stongfjorden og elles kringom i Askvoll kommune. Vi, dvs. Liv og Gisle Stafsnes er eigarane av ideen om å bygge leilegheiter i eigne fjæresteinar, og etter mange års arbeid er gravearbeidet på tomtane godt i gang og bygginga startar til hausten. Heimesida vil vi bruke for dele informasjon om framdrift i prosjektet og elles «by på oss sjølve» og vår kvardag ved å vise ulike aktivitetar og opplevingar som fins her ute ved kysten av Sogn og Fjordane. Heimesida er no i sin spede barndom men vil få meir kjøt på beina etter kvart. Legg gjerne att kommentar eller kom med spørsmål, det set vi stor pris på 🙂

 

Gooddlife i fjæra er eit begrep vi brukar når vi skal beskrive ei av godene ved å bu her ute ved kysten og biletet under viser stavfjorden rett utafor her ein fin sommardag i fjor.