Herlege påskedagar og goodlifeifjæresteinane :-)

Påskeferien i år gav oss nokre herlege finværsdagar og forsmak på utesesongen som ligg framfor oss. Barnebarna våre yndar å leike i fjæra der vi leitar etter skattar og kastar småstein og øver på froskehoppekast. Bildet viser at våronna ikkje er gjort enno, men det tek vi seinare. Grasplenen ovanfor treng også stell då vassledningen er nedgravd der. Ny mold på toppen og såing av grasfrø vil gjere susen og utover sommaren er den klar igjen klar til fotball, volleyball, leik og moro.

Langfredag føremiddag med leik og moro i fjæra.
Utsikt ut fjorden
Eit hjerte i kvarts-stein låg så fint og glimra til oss, så dette vart med heim i samlinga. Sjøen er som De ser framleis klår og fin.
Resultat frå føremiddagens skattejakt 🙂

På instagramkontoen min brukar eg #goodleifeifjæresteinane når eg legg ut bilder frå fjæra og det gode liv ved å bu her ute ved kysten. Nærleiken til sjøen, havet, naturelementa og lyset her ute ved havgapet er eit privilegium og til stor glede både for store og små. Frå dei finaste stillaste sommardagane til ville ragnaroket med storm og vind i kasta på hausten og vinteren. Ein kan gå frå fjære til fjell på ein times tid og utsynet frå toppen av Høgeheia ute ved Staveneset som ein ser i høgre bildekant på bildet under, må berre opplevast 🙂

Utsyn frå Lindhammaren på solsidevegen tidlegare i vår.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *