Gravearbeid og rørlegging

Gisle sitt fritids- og helgearbeid føregår for det meste med gravemaskina. Fjellturar, sjø og båtliv er sett til sides for å få alt klart i rett tid for dei andre som skal utføre sitt virke for Nesavika Fritid. For nokre helgar sidan var det graving og klargjering av grøfter og planering av grus og sand med hoppetusse for legging av vassrør og trekkerør for elektriske kablar.

Mykje tid og krefter er lagt ned i arbeid som ikkje syns på overflata når det er ferdig og fordi det ikkje syns tenkjer ein gjerne ikkje på kor omfattande og viktig slikt grunnarbeid er. Når grunnarbeidet er gjort skikkeleg treng ein faktisk ikkje otte på det, då berre fungerer alt det tekniske som det skal og slik vert det her også. Grøfting, komprimering av grunnen, sanding, legging av rør, meir sand og grus, pukk i rett størrelse og deretter sand på toppen og vips (dvs. etter maaange timars arbeid) er veg, vatn og kloakk klar 🙂 

For avveksling i arbeidet føregår gravinga også på framsida av leilegheitene der Gisle lagar plastra mur mot sjøen samt ein gruslagt fiskesti.  Båthavna er også under utviding slik at det er ein båtplass pr. leilegheit for kjøp eller leige. Med andre ord er det mykje godt arbeid å holde på med utover våren, men resultatet vert veldig bra 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *