Framgang både ute og inne :-)

Her kjem endeleg ei oppdatering frå byggeprosessen ute og inne 🙂

Tak og kledning er komt på og bygget fekk eit nytt uttrykk. Kledninga er Møre Royal som er vedlikehaldsfri slik at ein ikkje treng bruke feriar og fritid på malearbeid. Vær og vind vil gje fasaden ein gråare patina med tida. Karmane rundt vindauge og dører er i aluminium og treng heller ikkje vedlikehald 🙂

Mesteparten av utvendig arbeid er ferdig, men litt fininsh ved fronten med kledning kring altanar og plattingane i framkant står att. Når material og utstyr skal inn og ut mange gonger i løpet av byggeprosessen er det greit å ha mellombelse ytterdører, då det er lett å uforvarande dunke noko borti ein karm. Difor vert rette ytterdører sett inn om nokre veker. Likeeins vert arbeid med uteboder påbegynt etter at innvendig arbeid på den største leilegheita er ferdig. Målet er å ha denne innflyttingsklar til påske, og tømrar Sund seier det ser lovande ut 🙂

Bileta er tatt med mitt mobilkamera, difor mørke bilder, samt at eg ikkje får fram heilheita med open himling i stova og glaset ved skilleveggen som går heilt opp til taket, men at det er luftig og plass til å tenke høgt, det er det ikkje tvil om 🙂 Det er så kjekt å sjå framgangen og at resultatet vert slik vi har planlagt og drøymt om, og vi gler oss på dei nye eigarane sine vegne som skal bruke Nesavika til fritid og rekreasjon 🙂 Det vert #goodlifeifjæresteinane 🙂

Her ser ein rominndelinga nede og litt av hemsen. Kjøkkeninnreiing kjem på veggane til høgre for glaset til venstre på bildet. Elles er det gang, bad og to soverom i denne etasjen.

Arbeidsgjengen Gisle, Andreas og Caspian er klare for rydding.

På hemsen er det eit soverom og eit rom i framkant med flott utsyn ut og ned i stova. Fint å sitte her oppe med t.d ei god bok eller å sjå på TV. For dei minste kan det vere ein fin plass å ha leikekrok på då det kjem rekkverk i glas i framkant, samt at ein kan spionere på det dei vaksne pratar om etter ein har lagt seg på kvelden 😉 Hems er fint for både små og store.

Litt betre lys på dette bildet. Golva i denne leilegheita er i dag (28.02) flytsparkla og klar for vidare innreiing , flislegging i gang og på bad m.m.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *