Fjelging i fjæra

Laurdag 21.05 kl. 12- 14 vert det visning i Nesavika 🙂

17 Mai og div 064

Reklameskilt som syner prospektet står oppe ved vegen og viser veg.

 

 

Kveldsutsikta kl 20.30 i kveld frå tomta til den leilegheita som er seld og bort mot fjæra og grøntarealet. Anleggsarbeidet er ikkje ferdig enno, men det kjem seg litt etter kvart.

 

Mitt kveldsprosjekt var å fjelge litt i fjæra og når eg ser på bilda etter ein times arbeid med riva er eg godt nøgd 🙂

Ein kvil i godt selskap med bobler i glaset var kveldens belønning. Godt å sitte her nede og sjå utover fjorden på sola som speglar seg i sjøen.

 

Ynskjer alle interesserte velkomne i Nesavika på laurdag 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *