Bygginga er i gang

Andre veka i desember starta bygginga av ferieleilegheitene i fjæra v/byggfirma Odd Arild Sund. Dyktige fagfolk som står på uansett vær og vind. Dette er noko vi har arbeidd med og for lenge, så å komme heim frå arbeid og sjå framgangen dag for dag var utruleg kjekt 🙂 Når ein samanliknar proporsjonane på ferdig bygg med bildekollagen vi fekk laga til prospektet syns eg det stemmer bra. 20161218_115009 20161218_114026 20161218_114107

20161218_114119 20161218_113803Veldig kjekt syn frå kjøkkenvindauget vårt 🙂

20161218_114301Her er førebels utsikt frå den største leilegheita. Golvet skal høgre opp, så når ein sit ved kjøkkenbordet eller i godstolen her inne får ein fint utsyn utover fjorden.

Bileta vart tatt 17.12.16 og det har skjedd mykje etter dette, men det kjem i neste innlegg 🙂

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *