Aktivitetar i nærområdet

Sykkeltur til Staveneset

Frå Nesavika til Staveneset er det omlag 12 km og dette er ein flott tur å ta med sykkel. Vegen er lett kupert/rimeleg flat og utsynet utover havet når ein kjem fram er verdt turen åleine. Fordelen med å sykle utover her er at det er lite trafikk og sanseopplevingane er mange.

Ulike blomster og tresortar krydrar turen med lukter og lukta av nyslått gras ein sommardag i Juni er berre herleg, eller dufta av Kaprifol på seinsommaren, som det er mykje av langs denne strekninga, – må opplevast. Når ein kjem ut mot fjæra i Staveneset og den salte sjølukta slår imot deg som ein mild bris, då treng du ikkje sjå på kartet at du er langt vest, det luktar du 🙂 Å ta kveldsmaten på svaberga her ute er like kjekt for store som for små, og tek ein fiskestanga med, kan ein prøve fiskelukka frå svaberga før ein syklar på heimveg.

Ope og fritt med utsikt rett vest.

Gisle er nøgd med kveldens trimtur.

Ein knallstart på veka med sommarkjensle 9 Mai 2016 og 22 grader kl. 19 her ute ved havet. Slikt vert ein glad av 🙂

Tur på Solsidevegen 

I Februar hadde vi nokre nydelege dagar og då vart det tur på Solsidevegen. Denne turvegen er på nordsida av fjorden frå bilvegen og innover lia. Turen ein veg er omlag 2,4 kilometer lang med ei stigning på hundre meter så dette er ein fin tur på skogsveg. Turen er ein del av kystarvprosjektet med merking av turstiar i HAFS-området.

Skiltet som syner starten på turvegen.
Omlag halvvegs på Solsidevegen får ein dette utsynet ned på bygda og ut fjorden.
På turen går ein eit stykke gjennom høg granskog og det er eit vakkert syn å sjå sollyset bli filtrert gjennom mektige tretoppar.
Skogsvegen er lett å gå og grunneigarane er flinke med å halde den slik.
Utsikt frå det høgaste punktet som er nesten ved enden av turvegen.
Ved enden på turvegen heiter det Blomberg og her er postkasse med bok ein kan registrere seg i om ein vil. Det går fint an å gå lenger innover på sti. Då får ein utsikt ned til vatnet ved Demma og tunellen ved Håkleiva.