90 m2 fritidsglede :-)

I dag byr vi på bilder frå ei av leilegheitene på 90 m2 som er ferdig.

I fylje tradisjon skal brura ha på seg «something old, something new, something borrowed and something blue» på bryllaupsdagen. Denne leilegheita er innreda etter same mal, alt i ei herleg blanding. Nytt og gamalt om ein annan og til saman er det blitt noko ingen andre har heilt maken til. Miljøvenleg er det også med gjenbruk og lån av møblar og inventar.

Bli med på ein rundtur i 90 m2 fritidshygge 🙂 Bildekvaliteten er så som så då ei er tekne med mobilkamera, men eg bjudar på likevel 🙂

Kveldssol inn i stova
Utsikt mot peisovn og trappa opp på hemsen
Kjøkken og trapp opp på hemsen
Deler av hemsen
Soverom i 2 etg
Soverom 1 i 1 etg
Soverom 2 i 1 etg
Gangen sett frå ytterdøra
Gangen mot ytterdør
Bad
Bad med dusjveggar som kan slåast inn til veggane
Altan mot sjøen med felles grøntareal og badefjæra i bakgrunnen

Dette var ein liten kikk og eksempel på det korleis ein kan bu og nyte det gode liv i fjæresteinane her på vestlandskysten. God høgde til taket gjer at det blir lyst og luftig – rett og slett ein god plass å reise til for å slappe av og leve tett på naturelementa.

Når kveldssola skin på kvelden er det lunt og fint å sitte på altanen og høyre klukkelydane frå sjøen, eller kaste loss og nyte fjorden frå eigen eller leigd båt.

Ein kvil i sola etter eit kveldsbad gjer godt – ekstra kjekt at det er kort veg å bade 🙂

Ferdigstilling av leilegheitene er sett til medio Juli 🙂 Det blir visning seinare i sommar, men ta gjerne kontakt med oss dersom ein har lyst å komme og sjå allerede no 🙂

Byggetrinn 2 snart klart for sal

Byggetrinn 2 i Nesavika er snart klart for sal. Som bildet viser står det no tre hus med 6 leilegheiter i Nesavika, og det arbeidast for fullt i desse dagar for å ferdigstille siste huset. I løpet av sommaren vert det visning, men dato er ikkje fastsett enno. Vi som byggherre tykkjer det er blitt eit flott miljø i fjæra med fine ferieboligar heilt i sjøkanten. Ganske så unikt og herleg å kunne bu så tett på sjøen og fjæra 🙂

Ein stille morgon i Juni 🙂

Å kaste loss og ta ein tur på fjorden før frukost er balsam for sjela når moder jord byr på slikt syn. Mai og Juni har bydd på det finaste været og dei herlegaste dagane her ute ved kysten.

Likeeins er det flott å nyte kvelden på altanen i Nesavika med sjøen rett nedanfor. Bildet syner utsikta frå eine leilegheita som snart er klar for sal. Båthavna ligg rett nedanfor og denne vil bli utbygd for komande båteigarar.

Utsikta frå stova i den minste leilegheita denne søndags ettermiddagen 🙂

Badefjæra ligg rett bortanfor og ligg klar for leik og fjæreliv av beste sort.

Nyslått grasplan for leik og moro

Eller ei stille stund for seg sjølv på benken ovanfor badefjæra

Heimesida vår har lege brakk lenge, men det skuldast mykje arbeid på anna hald. Dette blir det betring på framover, og vi vil framover legge ut bilder og info om Nesavika Fritid meir jamleg.

God sommar til alle som ser innom her, og kom gjerne på besøk og sjå.

 

Herlege påskedagar og goodlifeifjæresteinane :-)

Påskeferien i år gav oss nokre herlege finværsdagar og forsmak på utesesongen som ligg framfor oss. Barnebarna våre yndar å leike i fjæra der vi leitar etter skattar og kastar småstein og øver på froskehoppekast. Bildet viser at våronna ikkje er gjort enno, men det tek vi seinare. Grasplenen ovanfor treng også stell då vassledningen er nedgravd der. Ny mold på toppen og såing av grasfrø vil gjere susen og utover sommaren er den klar igjen klar til fotball, volleyball, leik og moro.

Langfredag føremiddag med leik og moro i fjæra.
Utsikt ut fjorden
Eit hjerte i kvarts-stein låg så fint og glimra til oss, så dette vart med heim i samlinga. Sjøen er som De ser framleis klår og fin.
Resultat frå føremiddagens skattejakt 🙂

På instagramkontoen min brukar eg #goodleifeifjæresteinane når eg legg ut bilder frå fjæra og det gode liv ved å bu her ute ved kysten. Nærleiken til sjøen, havet, naturelementa og lyset her ute ved havgapet er eit privilegium og til stor glede både for store og små. Frå dei finaste stillaste sommardagane til ville ragnaroket med storm og vind i kasta på hausten og vinteren. Ein kan gå frå fjære til fjell på ein times tid og utsynet frå toppen av Høgeheia ute ved Staveneset som ein ser i høgre bildekant på bildet under, må berre opplevast 🙂

Utsyn frå Lindhammaren på solsidevegen tidlegare i vår.

 

Overtaking av første leilegheit

Her kjem litt bilder frå største leilegheta som vart overtatt rett før påske. Vi hadde visning 2 April og neste leilegheit som er klar for overtaking i midten av Juni er seld, så no går det fort framover. Veldig kjekt å få positiv respons på størrelsen og romløysingar i leilegheitene. Tømrarane er booka til neste bygg så det vert ein aktiv vår og sommar i Nesavika 🙂

Velkommen inn
Stova klar for innflytting
Høgt og luftig med mykje lys
Kjøkkenet er nesten ferdig her men manglar eit overskap over vasken og skapdør under.
På visninga hadde vår Ane laga herlege makronar til dei besøkande.
Eitt av soveromma i første etasje
Soverom nr. 2 i første etg.
Halve soverommet i andre etg. Masse lys og luft her også.
Bad med plass til vaskemaskin
Dusjveggar som kan slåast inn mot veggen tek liten plass

Dersom nokon har spørsmål eller ynskjer komme å sjå leilegheita som er under ferdigstilling ta gjerne kontakt med oss.

Visning 2 April kl. 12 – 13

Førstkommande søndag vert det visning av første leilegheita 🙂

Denne dagen har vi arbeidd for lenge og endeleg kan vi invitere på visning, og det er så kjekt og vi er så glade. Tømrarfirma Odd Sund har gjort ein framifrå jobb, så det er med stoltheit og utan overdriving vi kan sei at resultatet er bra.

Eigarane av denne leilegheita har valgt fargeskala i kvitt, frost og lyst grått på overflatene i leilegheita, så den framstår akkurat så lys og lett som vi såg føre oss når vi starta planleggingsprosessen for fleire år sidan 🙂

Bileta under viser at det har skjedd mykje siste månaden.

Isolering er unnagjort og golvet er flytsparkla
Plating av veggar og tak
Litt av soverommet i 2 etg.
Soverom i 1 etg. Bildet er teke for ei tid tilbake og då var ikkje vindauga fora og lista, men det er dei no
Her skal det også på plass dusjveggar
Til høgre for vaskeservanten er det plass for vaskemaskin.
Litt av siste dagars innspurt her vist frå hemsen og ned på kjøkkenet. Rørleggaren ligg halvvegs inne i skapet og koblar vatn

Som De ser av siste biletet har det siste veka vore full innsats for å bli klar til visning søndag. Derav litt kaos-bilder som i grunnen ikkje gir det ferdige resultatet den kred det fortenar. Skikkelege bilder som viser heilheita får eg først tatt når vi har rydda og vaska i helga, men det kjem 🙂 Berre finpussen står att inne og det er veldig kjekt arbeid. Ute er det framleis meir graving og gruslegging som skal skje før dei første kan flytte inn, men det er utruleg kva ein får gjort på ei veke 🙂

Vi gler oss til å vise fram Nesavika Fritid og ynskjer alle hjerteleg velkomne på visning i morgon kl. 12.00 🙂

 

 

Gravearbeid og rørlegging

Gisle sitt fritids- og helgearbeid føregår for det meste med gravemaskina. Fjellturar, sjø og båtliv er sett til sides for å få alt klart i rett tid for dei andre som skal utføre sitt virke for Nesavika Fritid. For nokre helgar sidan var det graving og klargjering av grøfter og planering av grus og sand med hoppetusse for legging av vassrør og trekkerør for elektriske kablar.

Mykje tid og krefter er lagt ned i arbeid som ikkje syns på overflata når det er ferdig og fordi det ikkje syns tenkjer ein gjerne ikkje på kor omfattande og viktig slikt grunnarbeid er. Når grunnarbeidet er gjort skikkeleg treng ein faktisk ikkje otte på det, då berre fungerer alt det tekniske som det skal og slik vert det her også. Grøfting, komprimering av grunnen, sanding, legging av rør, meir sand og grus, pukk i rett størrelse og deretter sand på toppen og vips (dvs. etter maaange timars arbeid) er veg, vatn og kloakk klar 🙂 

For avveksling i arbeidet føregår gravinga også på framsida av leilegheitene der Gisle lagar plastra mur mot sjøen samt ein gruslagt fiskesti.  Båthavna er også under utviding slik at det er ein båtplass pr. leilegheit for kjøp eller leige. Med andre ord er det mykje godt arbeid å holde på med utover våren, men resultatet vert veldig bra 🙂

Framgang både ute og inne :-)

Her kjem endeleg ei oppdatering frå byggeprosessen ute og inne 🙂

Tak og kledning er komt på og bygget fekk eit nytt uttrykk. Kledninga er Møre Royal som er vedlikehaldsfri slik at ein ikkje treng bruke feriar og fritid på malearbeid. Vær og vind vil gje fasaden ein gråare patina med tida. Karmane rundt vindauge og dører er i aluminium og treng heller ikkje vedlikehald 🙂

Mesteparten av utvendig arbeid er ferdig, men litt fininsh ved fronten med kledning kring altanar og plattingane i framkant står att. Når material og utstyr skal inn og ut mange gonger i løpet av byggeprosessen er det greit å ha mellombelse ytterdører, då det er lett å uforvarande dunke noko borti ein karm. Difor vert rette ytterdører sett inn om nokre veker. Likeeins vert arbeid med uteboder påbegynt etter at innvendig arbeid på den største leilegheita er ferdig. Målet er å ha denne innflyttingsklar til påske, og tømrar Sund seier det ser lovande ut 🙂

Bileta er tatt med mitt mobilkamera, difor mørke bilder, samt at eg ikkje får fram heilheita med open himling i stova og glaset ved skilleveggen som går heilt opp til taket, men at det er luftig og plass til å tenke høgt, det er det ikkje tvil om 🙂 Det er så kjekt å sjå framgangen og at resultatet vert slik vi har planlagt og drøymt om, og vi gler oss på dei nye eigarane sine vegne som skal bruke Nesavika til fritid og rekreasjon 🙂 Det vert #goodlifeifjæresteinane 🙂

Her ser ein rominndelinga nede og litt av hemsen. Kjøkkeninnreiing kjem på veggane til høgre for glaset til venstre på bildet. Elles er det gang, bad og to soverom i denne etasjen.

Arbeidsgjengen Gisle, Andreas og Caspian er klare for rydding.

På hemsen er det eit soverom og eit rom i framkant med flott utsyn ut og ned i stova. Fint å sitte her oppe med t.d ei god bok eller å sjå på TV. For dei minste kan det vere ein fin plass å ha leikekrok på då det kjem rekkverk i glas i framkant, samt at ein kan spionere på det dei vaksne pratar om etter ein har lagt seg på kvelden 😉 Hems er fint for både små og store.

Litt betre lys på dette bildet. Golva i denne leilegheita er i dag (28.02) flytsparkla og klar for vidare innreiing , flislegging i gang og på bad m.m.

 

Støyping av golv

Golvet i den minste leilegheita er no støypt. Betong frå Mathias Øen Transport, murarfirma Onar Osland, vår gode nabo Jostein Hauge og Gisle sjølv fiksa jobben fort og greit.

Radonduken på plass
Onar og Jostein i full sving
Gisle og Onar passar på at det vert korrekt fall på badegolvet. Jostein syter for passe mengde betong.

Når tømarane vert ferdige med kledning og tak kan vi sette på tørk inne. Takhøgda og romkjensla så langt er heilt supert, så når skyvedørene i framkant av stova kjem på plass får ein skikkeleg feeling med korleis det vert innomhus. Blir spennande å sjå utsikta også frå korrekt golvhøgde.

Sikkerheita er ivaretatt på beste vis

Tømrane er i full sving med kledning og her er ein liten «sneak-peak» 😉

Takk for at De kikkar innom og fyljer oss i byggeprosessen 🙂

 

Fin framgang

Ny helg og ny oppdatering på byggefronten. Framgangen er god både ute og inne. Tømrarane har hatt ei våt og vindfull veke med utearbeid men lar seg ikkje stoppe av slikt. Vindtetting og lekting har stått på agendaen og lange effektive dagar gir resultat ! 🙂

Golv i den store leilegheita vart støypt mandag, og klargjering for støyping av golv i den andre er gjort utover kveldane denne veka, men det kjem i eit anna innlegg.

Neste veke byrjar arbeidet med å få på kledning og tak 🙂

Har nemnt det før men må berre gjenta: det er så kjekt å sjå prosjektet vårt ta form og framgangen veke for veke. Veldig kjekt å kunne bruke dyktige lokale fagfolk til arbeidet også 🙂 Bildet under syner korleis det er «behind the scene». Ikkje vanskeleg å førestille seg at det har vore ei våt og kald veke med utearbeid, men håpar dei får betre arbeidsvær komande veke.

Om nokon av Dykk som er innom her har spørsmål eller lurer på noko, ta gjerne kontakt eller kom på besøk 🙂

 

Tett tak :-)

 

Nesavika i vinterstemning 🙂

Helga baud på det finaste vinterværet so langt i år, så på søndag var det tid for å forevige framgangen i fjæra. Tak og veggar er no tette og vindauga sett i. Vintersola nærmar seg og dette bildet er tatt omlag kl. 15.

Fasaden tek form 🙂 Her ser ein «baksida» av leilegheitene som vender frå sjøen. Her skal det også være uteboder som vil medverke til to skjerma tun på denne sida av bygget. Her får ein tidleg morgonsol og vil være ein god plass å ta mårrakaffien på 🙂

Her er fasaden sett frå andre sida. skyvedørene i framkant er ikkje sett i, men ein kan sjå konturane av korleis det blir når dei kjem på plass. Utstikket på taket her på framsida er ikkje plata heilt ferdig enno.

Her ser ein fasaden sett frå båthavna. Størrelsen på skyvedørene syns litt betre på dette bildet. Kjøkken og stove som ligg i framkant på leilegheitene har open himling opp mot taket, og saman med vindauga heile vegen frå golv til tak gir desse løysingane rommet mykje lys og luft. Stova på hemsen får også fin utsikt med det høge vindauget.

Inngangspartiet til den største leilegheita i dette bygget kjem på denne langsida. Til venstre ligg eine soverommet og på høgre sida ser ein kjøkkenglaset.

Vidare denne veka skal det støypast golv inne i leilegheitene medan tømrarane fortset med vindtetting og kledning på veggane ute. Rørleggar og elektrikar kjem tidleg mandag morgon for å gjere sitt arbeid klart før betongbilen kjem ved middagstider. God planlegging av Gisle gjer at fagfolka vert booka og kjem når dei trengs slik at det er god framgang på arbeidet.